Hagearbeidet kan starte no.

Påske - dette kan du gjere i hagen

Nokre hagar er framleis dekka med snø og is, medan andre så vidt har våkna til liv. Du kan uansett starte årets hagesesong no.

Førebuingar er avgjerande for å lukkast med hageprosjekta dine, og for å nyte lange, varme og avslappande dagar når sommaren er på sitt beste.

Om vinter og frostnetter har byrja å sleppe taket, og våren har gjort si forsiktige kome kan du sakte, men sikkert byrje i hagen.

– Typiske førebuingar er sjekk, vask og rens av maskiner, utstyr, grill og utemøblar, fjerning av lauv, rydding i bed og fikse frostskader på plenen. Det siste er vanleg i Norge og kan gjerast ved å rake opp det skadde område med jernrive, legge på et lag med 2-3 cm ny jord, og så i nye grasfrø. Skal du skjære tre, hekk og plantar bør du være sikker på at nattefrosten er forbi, seier Trude Maurset Høgheim, kategorisjef innan hage i Felleskjøpet Agri.

Plenen – til å vere kry av
Kalk og gjødsel er to gode hjelparar i hagen. Kombinasjonen av desse gjev plenen eit godt vekstgrunnlag gjennom å utvikle gode og sterke røter, og redusere mosevekst, løvetann og andre ugrasarter. Med kalk og gjødsel vert grunnlaget lagt for ein grøn og frodig plen.

– Det er knytt mange spørsmål til kalk og gjødsel og det er ulike variantar og råd om når, kvar, korleis og kvifor. Til alle lukke er det heildekkande løysingar som kan brukast på alle vekstområder i hagen, som hagegjødsel og hagekalk, seier Høgheim.

Både kalking og gjødsling bør gjerast på våren.

Kalking kan du i prinsippet gjere heile året, men det er enklast og mest hyggeleg når vinteren er forbi.

Gjødsling kan du vente med til bakken har tørka opp og det byrjar verte grønt. Etter første gjødsling kan du «fylle på» kvar sjette veke utover sommaren, fram til rundt midten av august.

Gjødsel verkar først når det vert løyst opp av regn og går ned i bakken, men det er ingen fare å gjødsle i tørkeperiodar.
– Hage skal ikkje vere komplisert og vanskeleg. Hald deg til nokre faste og enkle retningslinjer så vil du lukkast. I kalksamanheng er det viktig å skilje på kalk og kalksalpeter. Kalksalpeter vert brukt til å friske opp vekstar, eller til plen og kjøkkenhage midt på sommaren, mens kalk er et heilårsprodukt, seier Høgheim.

Hald hagen under oppsikt
Det er ingen fasit på når man skal gjøre kva i hagen. Det viktigaste er at du følgjer med på alle planter og vekstar og gjev dei den omsorga, næringa og vedlikehaldet dei treng.

– Frå starten av vekstsesongen skjer det veldig mykje i hagen. Med varmen kjem blant anna skadedyr og ugras som man aktivt kan redusere og forhindre. Gode førebuingar og jamnt vedlikehald er alt som skal til. Hald grasplena 4-5 cm lang, fjern skjulestader for sneglar, og bruk tilleggsnæring til plantar når det trengst, avsluttar Høgheim.

 

 
• • • • • • • • • • • • • • • • • •

Nytt frå Gloppen og Jølster?

– Følgjer du Firda Tidend på Facebook får du siste nytt rett på FB-sida di.