Ozonlaget i stratosfæren er litt tynnare no enn til vanleg. Meir sol slepper derfor gjennom og fagfolk ber folk om å beskytte seg. Arkivfoto: Vegard Wivestad Grøtt/NTB scanpix/NPK.

Ozonlaget er ekstra tynt no

Ozonlaget i stratosfæren er litt tynnare no enn til vanleg. Meir sol slepper derfor gjennom og fagfolk ber folk om å beskytte seg.

– Er du ute i fleire timar utan å beskytte deg, så blir det ei ganske kraftig forbrenning i huda. Det må vi unngå, for det kan føre til hudkreft, seier Lill Tove Nilsen, fagdirektør i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA), til NRK.

I Storbritannia gjekk meteorologane så langt at dei åtvara folk om å vere ute midt på dagen denne veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meteorologisk institutt har saman med DSA no utvikla eit eige UV-varsel på Yr-appen, der du får informasjon om solstrålinga i sanntid og utover dagen.

– Sjølv om det er overskya når du sjekkar varselet, så er det viktig å hugse at skyene fort sprekker opp og slepper den sterke sola til, seier Nilsen.

(©NPK)