96,3 prosent av husstandar i Noreg har tilgang på internett med gigabitfart, viser nye tal frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Over 96 prosent kan få superraskt internett

96,3 prosent av husstandar i Noreg har tilgang på internett med gigabitfart, viser nye tal frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Publisert

Andelen som kan kople seg på breiband med ein fart på minst 1 gigabit per sekund har auka med 3,8 prosentpoeng sidan 2022, viser ny statistikk frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom). Veksten har likevel flata ut det siste året, med ein auke på berre 0,1 prosentpoeng, viser undersøkinga.

– Dei små endringane i dekningsgrada, kan tyde på at dei områda som er kommersielt lønnsame er utbygde fleire stader i landet, seier direktør i Nkom, John-Eivind Velure, i ei pressemelding.

Delen som har tilgang til gigabitfart i grisgrendte område har auka frå 70,4 prosent i 2022 til 82,9 i 2025.

– Det er positivt at fleire har tilgang til gigabitfart også i meir grisgrendte område av landet. Sjølv om veksten er beskjeden frå 2024–2025 så blir gapet redusert mellom tettbygde og grisgrendte område frå år til år, seier Velure.

Når det gjeld breiband med 100 megabit per sekund har no over 99 prosent høve til å få dette installert heime, ifølgje dekningsundersøkinga for 2025. (©NPK)

Powered by Labrador CMS