Sogn og Fjordane folkemusikklaglag får 50 000 kr til prosjektet TØFT i tildelinga frå hovudutval for kultur, idrett og integrering 4. juni. (Foto: Sogn og Fjordane folkemusikklag)

Over 2,2 millionar kroner til kunst- og kulturlivet i Vestland

Det kom inn til saman 318 søknadar då Vestland fylkeskommune lyste ut tilskot til prosjekt og tiltak i det profesjonelle og frivillige kunst- og kulturlivet i fylket. No har 61 søkjarar fått støtte.

Hovudutval for kultur, idrett og integrering fordelte i møtet 4. juni over 2,2 millionar kroner gjennom tilskotsordningane for prosjekt og tiltak med regional verdi i kunst- og kulturlivet, heiter det i ei pressemelding.

Svært stor søknadsmengde

Det kom inn svært mange søknadar til vårens søknadsrunde. Hovudutvalet måtte difor prioritere hardt, då tilgjengelege midlar er omlag ti prosent av den totale søknadssummen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den store søknadsbunken vitnar om eit mangfaldig og rikt kunst- og kulturliv i fylket vårt. Vi har fått inn søknadar frå alle delar av fylket, frå mange små og større kulturaktørar som gjennom satsingane sine vil styrke og utvikle kunst- og kulturaktiviteten i Vestland. Dei prosjekta og tiltaka som får støtte no, har høg regional kulturverdi og oppfyller elles i høg grad vurderingskriteria i ordninga, seier hovudutvalsleiar Stian Davies.

Dette er tilskotsordningar med to årlege søknadsfristar, 1. mars og 1. september.

Over 700 000 til frivillig kulturliv

Av dei 121 søknadane frå det frivillige kulturlivet, har hovudutvalet valt ut 22 som får til saman 721 000 kroner i støtte. Sogn og Fjordane ungdomslag får det største tilskotet med 70 000 kr i kulturmidlar, og fire søkjarar får 50 000 kvar til ulike prosjekt:

Bjørsvik Brass til prosjektet «Bjørsvik Brass – erfaring og lidenskap i samspel»

Kjersti Isdal til prosjektet «Segner frå Nordhordland»

Sogn og Fjordane folkemusikklag til prosjektet «TØFT»

Ung kyrkjesong vest til prosjektet «Regionalt ungdomskor Vest»

– Det frivillige kulturlivet er viktig for at vi skal ha eit mangfaldig og aktivt kulturliv i fylket vårt. Med desse midlane vil vi også styrke arbeidet med dokumentasjon av kulturhistorie, legge til rette for samarbeid og nettverk, og særleg støtte tiltak som er spesielt retta mot barn og unge, seier Davies.

Artikkelen held fram under annonsen.

I saksutgreiinga for frivillig kulturliv finn du oversikt over alle som fekk støtte.

1,5 millionar til profesjonelt kulturliv

Når det gjeld tilskota til det profesjonelle kulturlivet, får Den norske kyrkja 90 000 kr til Sunnivafestivalen, som vil ha ulike arrangement langs kysten mellom Selje og Bergen. KODE kunstmuseer og komponisthjem får 90 000 kr til ein regional turne med Edvard Grieg Internasjonale Pianokonkurranse.

Dei andre tilskota til det profesjonelle kunst- og kulturlivet varierer mellom 18 000 og 75 000 kr, og du finn den fullstendige oversikta over tildelinga i saksutgreiinga.

Søknadsfristen for tilskotsordningane var 8. mars, og nedstenginga på grunn av korona skjedde kort tid etter. Nokre av dei omsøkte prosjekta er utsett eller avlyst på grunn av dette og vil kome tilbake med søknad i haustens søknadsrunde