Fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Arkivfoto.

Oppfordrar til å stå ilag

Vi må stå ilag for å sikre fylket for framtida. Det sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes då ho talte til fylkestinget i dag.


Her er heile talen til fylkesordføraren:

Gode fylkesting

Gruppa No. 4 syng: «Bredt og smalt og langt og kort – lite og stort er landet vårt»
Og dei fortset slik: «Men uansett hvor langt det er, bratt og glatt og mørkt der er. Så venter det noen
der – i et lite hus, i en liten by – på en gård på et helt umulig øde sted – vi finner fram til det. Og
uansett hvor du er – er verdens navle der de er»

Eg synes det er så flott, og det beskriv landet vårt, fellesskapet vårt på ein utruleg vakker og enkel
måte. Men for meg er det like mykje ei beskriving av fylket vårt. I eit lite hus, i ein liten by og på ein
gard på ein heilt umuleg aude plass. Vi finn fram til den og uansett kor hen i verda vi er så er verdas
navle der dei er, dei vi er glade i, dei vi bryr oss om, dei som er heime i Sogn og Fjordane, fylket vårt
med alle sine kvalitetar og mulegheiter. For meg er det akkurat DET gruppa No. 4 syng om.
For eitt år sidan holdt eg tale på fylkestinget i Førde. Då fekk eg kjeft og vart skulda for å drive
svartmaling og skremselspolitikk når eg ropte varsko om framtida for fylket, med nytt inntektsystem,
med ei lang rekke reformer. I dag er det tid for å oppsummere sidan sist. Var mitt varsko riktig eller
var det kjeften eg fekk som var rett. Fakta vi ikkje kan springe ifrå er at fylkeskommunen har fått eit
nytt inntektssystem som gjer at vi på denne tingseta, stikk i strid med vanlig praksis må gjere vedtak
om ein økonomiplan som legg inn føresetnader om framtidige løyvingar vi ikkje veit om vi får. Utan
denne føresetnaden vert økonomiplanen for krevjande å saldere. Det vil gje for tøffe konsekvensar
for innbyggjarane våre.

Derfor har det vorte jobba steinhardt mot Stortinget sitt arbeid både med budsjett og
kommuneproposisjon. Her har vi opplevd å få til betre løysingar for fylket ved at vi står saman og
bygger breie alliansar. Eg vil understreke kor nødvendig dette er mellom anna for å sikre eit nivå på
tapskompenasjon som gjer at ein framleis kan kjenne att fylket.

Økonomiplanen som vi skal vedta under tingseta varslar som sagt tøffe utfordringar og tunge bører å
bære dei næraste åra. Vi har fått gjennomført mange utgreiingar om korleis tilpasse budsjetta
framover, og fleire er under arbeid. Realitetane er i ferd med å gå opp for oss, men framleis er vi
berre i startgropa. Det stiller strenge krav til oss i fylkestinget.

Som eg sa har vi ikkje starta på prosessen med å gjere dei tunge vedtaka som verkeleg vil gripe inn i
kvardagen for folk. Slik vi kjenner situasjonen i dag må vi bu oss på at desse utfordringane vil
komme. Når dei kjem på bordet blir det krevjande å vere fylkespolitikar.

Vi må gå inn i oppgåvene nøkternt og realistisk slik at vi ikkje skapar unødig uro og uvisse. Vi skal
halde fram med god styring. Vi får mindre rom til nye investeringar. Vi kan ikkje halde fram med å
vere den tunge økonomiske aktøren, men det må ikkje hindre oss i å vere ein viktig aktør og
medspelar på dei politiske arenaene. Vi skal arbeide for gode avgjerder og for å mobilisere både
statleg og privat kapital til investeringar i fylket.

Når det gjeld reformer, er bildet framleis svært brokete og uoversiktlege. Vi har lidd nokre tap og vi
har vunne nokre kampar. Dvs at vi får framleis behalde det vi har hatt - som fiskeridirektoratet i
Måløy, og forskingsstasjonen på Fureneset i Fjaler. Det er vi glade for, men kanskje skulle kampane
vore unødvendige. Også endringane i skatteinnkrevjinga vart stoppa til glede for mange kommunar i
fylket.

Lærdomen må vere at sigrane og ikkje minst kampane for å behalde det vi har, krev at vi står ilag. At
Førdepakken no er kvittert ut i Stortinget, er gledeleg og viktig for utviklinga av Sunnfjordregionen,
og det er verdt å merke seg at saka fekk gjennomslag, sjølv om det vart forsøkt å lage snubleføtter frå
eit av regjeringspartia lokalt og regionalt.

Eg skuffa over resultatet av politireforma for dette fylket. Det har eg sagt klart ifrå om. Sjølvsagt
forheld eg meg no til det Stortinget har bestemt. Derfor handlar det no om å sette alle krefter inn på
å få til best mogelege tenester for innbyggjarane våre med eit nytt politidistrikt Vest. Det gjeld
mellom anna innanfor kompetanse og spesialfunksjonar, responstid, beredskap, samarbeid og
regional aksjonsleiing. Eg oppmodar alle om å samarbeide om dette,- for våre innbyggjarar skal ha
gode tenester og kjenne tryggleik for at hjelpa kjem når framtidige naturhendingar slår til igjen.
Heldigvis har stortingsvedtaket nokre fleirtalsmerknader, spesifikt for Sogn og Fjordane på nettopp
dette.

Som sagt, vi må stå ilag. Vi må framleis vere aktsomme og aktive for å sikre at høgskulen får
vidareutvikle seg i åra som kjem. Vi må ha god dialog med både Avinor og politiske styresmakter for
å sikre at flyplasstrukturen vert halden oppe når Avinor skal gjere sine grep for betre inntening fram
mot 2019. Vi har store forventingar til kommande Nasjonal Transportplan, og dersom den vert
utvida til å skulle gjelde i 12 år i staden for 10 vil det vere endå viktigare å følgje prosessen tett.
Eg er tydeleg på at Sogn og Fjordane har kvalitetar til å kunne stå på eigne bein i framtida. Sogn og
Fjordane treng ikkje spesiell hjelp frå staten. Vi ber ikkje om det heller. Derimot ber vi om å få halde
på dei verkemiddel vi har, og som vi har klart å utnytte betre enn dei fleste andre fylke.
Vi treng offentlege instansar som har ein nærleik til innbyggjarane dei er til for og som derfor forstår
korleis dei kan samhandle til beste for folk i vårt fylke. Vi treng offentlege arbeidsplassar på lik linje
med andre fylke, for å få ein variert arbeidsmarknad som supplerer teknologibedrifter, industri, blå
og grøn åker.

Då vil vi framleis kunne vere mellom dei aller beste på levekårsstatistikkar, på å legge til rette for
arbeidsplassar og på å levere gode tenester til innbyggjarane våre. Men då må ikkje haldinga som
mellom anna BI-forskar Per Inge Furset målber, om Innovasjon Norge få råde.
Han seier «Man må satse på få og større prosjekt, ta mykje meir risiko, meir kommersialisering og
mindre distrikt» Slike haldningar legg ikkje til rette for å utvikle det største fylket på Vestlandet. Det
største fylket på Vestlandet er Sogn og Fjordane – i areal. Det bur folk i heile dette store fylket. Det
bur folk som skapar store verdiar for fellesskapet, for Norge. Det ønskjer vi å fortsette med.
Felles for alle dei 20-tals reformene som for tida er under utgreiing er ein sentraliserande retning.
Ingen av reformene er samordna når det gjeld grenser. Ingen ser på sumverknadane, for ikkje å
snakke om sum-skadeverknadane, spesielt for dei deler av landet som er iferd med å bli omtalt som
restområda.

Regjeringa sin politikk synast å vere at storbyane i framtida skal vere motorane i utviklinga av landet.
Det kjem til å bli utfordrande dersom regjeringa ikkje tek inn over seg at for å få til ei god byutvikling
er ein avhengig av vekstkraftige distrikt. Korleis kan VI som kollegium løfte fram denne heilskapen?
Internasjonalt ser vi at industrien er på veg tilbake til Europa. Høgteknologisk industri kjem til dei
landa og områda som har nok energi og kunnskap. I denne utviklinga har Sogn og Fjordane eit
glimrande høve til å gjere det godt. Men vi er avhengige av at korta vert rimeleg fordelte.
Eg saknar merksemd på den kvaliteten og dei mange gode resultata som faktisk er oppnådd i Sogn og
Fjordane og med det også det store mulegheitsrommet som finns framover. Kven er til dømes klar
over at som einaste fylke utanom Oslo fekk IT-forum Sogn og Fjordane i fjor på plass elektronisk
meldingsutveksling av pasientopplysningar mellom legekontor, helseføretak og pleie- og
omsorgssektor i alle kommunane i staden for telefaks? Kor mange innafor privat sektor veit
forresten korleis ein telefaks ser ut lenger?

Sterke krefter, både i marknaden og i politikken trekker no i retning av større forskjellar. Det er
krefter som ikkje løfter fram samarbeid og solidaritet. Den norske modellen er grunnlaget for
velferda i samfunnet vårt og bygger på tre faktorar, tre pilarar, - den økonomiske, velferdsmodellen
og arbeidslivsmodellen. Eg opplever at denne modellen no er under press og vert forsøkt svekka bit
for bit. Det uroar meg fordi det vil ta vekk sikringsnettet til folket. Eg opplever at folk ynskjer eit
samfunn med små forskjellar, der ein har tryggleik og fridom, ikkje større ulikskap.
Eg er glad for at Stortinget har kome fram til ei brei semje når det gjeld å ta imot flykningar frå Syria.
Også kommunar i vårt fylke har sagt at dei er klar til å gjere sitt i den ekstraordinære situasjonen vi
opplever no. Det er eit riktig og godt svar frå Norge i denne krevjande naudssituasjonen som driv så
mange menneske på flukt. Her har demokratiet tala og handla klokt. At nokon forsøker å få det til å
framstå som om Norge tar ei unødig stor bør gir meg en flau smak i munnen.

Næringslivet vårt arbeider kontinuerleg med omstilling. Dels handlar det om at flinke folk ser
marknadsmogelegheiter på område der bedriftene er gode. Det handlar også om eit langsiktig,
systematisk arbeid der konkurransefortrinna blir kopla mot samfunnet sine nye behov. Eit meir
berekraftig samfunn for å nå klimamål og ruste seg for eit klima i endring er eit døme på dette.
Arbeidet med det grøne skiftet må systematiserast. Som nasjon er vi privilegert som har
kompetansen til petroleumsnæringa å bygge på. Denne næringa vil vere ein naturleg brubyggar i
fleire tiår og vi vil som nasjon gjere ei bjørneteneste om vi ikkje klarer å nyttegjere oss den
kompetansen i omstillingane som kjem.

I innleiinga til verdiskapingsplanen er det slått fast at Sogn og Fjordane har gode føresetnader for å
medverke positivt i grøn verdiskaping. Vi kan tilby reint ferskvatn, store havområde, rein mat, rein
energi, karbonbinding til mineralressursar, og karbonbinding ved at trevirke i større grad erstattar
stål og betong.

Eg vil minne fylkestinget om at i verdiskapingsplanen har partnarskapen formulert eit avsnitt om kva
kommande generasjonar skal leve av. Fylkestinget har såleis alt formulert ei tinging om å få skissert
ein meir langsiktig strategi for endring, der det vert understreka trong for ein langsiktig
kunnskapsstrategi. Det grøne skiftet vil ha kunnskapsutvikling som ein viktig føresetnad.
Ulike kompetansemiljø vere viktige medspelarar både innan industri og næring, forsking og
utdanning. I dette bildet kan vi ta med det gledelege fakta at NCE-subsea på fredag fekk endra status
til GCE, altså global center of expertise. Dette er vi med i frå fylkeskommunen si side og eg trur at
subseateknologien vil spele ei viktig rolle i fornybarsegmentet.

Eg gjer også merksam på at fylkestinget i haust får ei sak der vi skal legge føringar for det regionale
forskingsfondet på Vestlandet. Her kan vi formidle ei føring om forsking knytt til eit grønt skifte. Eg
veit at Rogaland og Hordaland tenker i same baner.

Det er elles verd å merke seg at heile Stortinget ser ut til å ville vere med å styrke dei regionale
forskingsfonda. Det applauderer vi og håper at ein legg til rette for å gjere dei regionale
forskingsfonda til eit solid instrument for regional utvikling.

Det neste fylkestinget vil få arbeidet med regionreforma som eit av sine viktige saksområde.
Spørsmålet vil bli om vi skal halde fram med å vere det Sogn og Fjordane som vi kjenner i dag, eller
om vi skal bli innbyggjarar i eit heilt nytt regionalt fellesskap. Å finne dei rette svara på desse
spørsmåla, og å få gjennomslag for det vi meiner er det beste for oss i Sogn og Fjordane, vil bli den
verkeleg store prøven i neste 4-års periode.

Som eg sa innleiingsvis meiner eg at fylket har kvalitetar til å stå på eigne bein også i framtida. Eg
oppfattar at det er stor oppslutnad blant innbyggjarane om å fortsatt vere eige fylke. Det er også
mitt hovudynskje. Men eg finn grunn til å understreke at det er nødvendig å tenke nøye igjennom
korleis vi skal stelle oss dersom og eg understrekar dersom vi ikkje får halde fram som eige fylke.
Det er nemleg ei rekke faktorar som vil påverke dette utanfrå. Ein av desse er korleis den nye
kommunesamansettinga internt i fylket til slutt vil bli. Dersom vi ikkje får høve til å halde fram som
eige fylke ligg det spennande utfordringar i ei eller anna form for Vestlandsregion. Frå mi side har eg
sagt at om dette vert framtida er det viktig at Sogn og Fjordane får ei sentral plassering, og ikkje vert
noko restområde. Ein region beståande av Hordaland og Sogn og Fjordane er heilt uakseptabelt.
Vis meg ein annan region med tilsvarande ressursar og vekstkraft. Men la det vere heilt klart,
eventuelle store regionar må få oppgåver som speglar dette. Noko anna vil vere meiningslaust. Det
vil også vere meiningslaust dersom storbyane Bergen og Stavanger skal få overta store oppgåver frå
fylkeskommunane.

Ut frå vedtak i fylkestinget tidlegare i år er det nyleg etablert ei faggruppe som skal vurdere korleis
kommunesektoren sjølv ser for seg at oppgåvedelinga bør vere i offentleg sektor her i fylket. Eg
håper dette arbeidet kan auke merksemda mot oppgåvesida i kommune- og regionreforma.
Faggruppa skal også sjå på kva dei sterke fag- og kompetansemiljøa vi har i fylket kan ta på seg av nye
eller større oppgåver. Dei skal og komme med forslag om evt flytting av nasjonale, statlege oppgåver
til fylket. Dersom det her kjem fram gode idear håper eg vi kan stå saman i arbeidet med å fremje
slike forslag.

Vi går mot slutten av våre 4 år som medlemmer av fylkestinget. Det har vore 4 år fylt av kontrastar,
frå glade jubileum til harde naturhendingar, frå gledesvedtak om oppstartsløyving av Stad
skipstunnel og nye ingeniørstudier til historisk endring av kostnadsnøklar og kompensasjonsordning.
Det har vore tøffe tak og harde frontar, men også samlande politisk verkstad. Slik er livet som
folkevald.

Eg meiner vi leverer frå oss eit fylke som er i betre stand på dei områda der vi har avgjerdsmynde.
Den endelege sluttattesten på den jobben vi har gjort er det berre historia som kan gje. Mange av oss
skal etter nokre feriedagar i det som vi håpar snart blir sommar ut i valkamp. Eg håper vi får ein frisk,
opplysande og sakleg valkamp som også synleggjer kor viktig demokratiet er, og hugs – det er lov å
smile også under valdebattar.