Operahuset Nordfjord feriar i år 10-årsjubileum. Publikumssuksessen til Opera Nordfjord var ein utløysande faktor for å få realisert kulturhuset som skal vera ei storstove for alle typar scenekunst i heile Nordfjord. Foto: Øystein Torheim/Operahuset Nordfjord.

Operahuset rundar ti år

I år er det ti år sidan Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid stod ferdig, og Opera Nordfjord som i fjor hadde 20 -års jubileum, har på nytt ein grunn til å feire. Det blir mellom anna markert med familieoperaen Hans og Grete.


– Opera Nordfjord har i mange år ønskt seg Hans og Grete på repertoaret, og endeleg vert draumen oppfylt, skriv operaen i ei pressemelding.


Ifølgje Opera Nordfjord passar operaen Hans og Grete like godt for det kresne operapublikummet som til barn som aldri har vore på opera før.


Onsdag 2. oktober er det premiere på framsyninga. På scena finn vi både profesjonelle og amatørar. Heile 35 barn og ungdommar frå seks kommunar er med i balletten og operakoret. Også blant dei profesjonelle solistane er det folk med lokal tilknyting. Operasongaren Elisabeth Gimmestad frå Sandane har fleire roller i familieoperaen.


Operasongarane Marika Schultze og Vibeke Kristensen har hovudrollene som høvesvis Hans og Grete. Regien er ved Jeff Pedersen.


Operahuset Nordfjord er likevel ikkje berre eit hus for stiftinga Opera Nordfjord, men eit kommunalt kulturhus for heile kommunen.


– Dette huset er heile Nordfjord si storstove der alle typar scenekunst får boltra seg, heiter det på nettsidene til Operahuset. Huset er samlokalisert med Eid vidaregåande skule, og sambruk og samarbeid mellom kultur og skule går igjen på fleire område. (©NPK)