Sabine Exner (t.v.), Leidulf Gloppestad og Hege Lothe inviterer til fakkeltog for å vise solidaritet med Ukraina og flyktningane i Gloppen.

I kveld er det fakkeltog for å vise solidaritet med Ukraina

24. februar er det eitt år sidan Russland gjekk til krig mot Ukraina. No inviterer listetoppane i Gloppen til fakkeltog for å vise solidaritet med det ukrainske folket og støtte dei ukrainske flyktningane.

Eitt år sidan invasjonen held den meiningslause krigen fram. Det ukrainske folket lir, fleire millionar har flykta frå øydelagde heimar, rakettar og ei okkupasjonsmakt som går fram med råskap og brutalitet.

Solidaritet

– Nett no er det 54 ukrainske flyktningar i Gloppen, og fleire kjem det til å bli, fortel ordførar Leidulf Gloppestad. Regjeringa har tidlegare i år varsla at Noreg må bu seg på å ta i mot kanskje bortimot 70.000 flyktningar i 2023.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For eitt år sidan trudde eg ikkje denne dagen skule kome; at det framleis er krig i Ukraina, men no er vi der, seier Hege Lothe.

No inviterer listetoppane i Gloppen folk til å vere med i eit fakkeltog frå STIL-stova til Heradsplassen for å vise solidaritet.

– Vi har hatt eit planleggingsmøte der også bondelaga i Gloppen deltok, og vi er opne for at også andre lag eller organisasjonar sluttar seg til, fortel tre av dei som går i bresjen; ordførar Leidulf Gloppestad, Hege Lothe og Sabine Exner. Sistnemnde var den som først tok initiativet.

Ville gjere noko

– Vi diskuterte krigen heime og spurde oss sjølve kva vi kan gjere. Krigen har på ein måte kome hit til oss gjennom flyktningane som er her, fortel ho. Fakkeltoget skal synleggjere eit ønskje om fridom, solidaritet og støtte til dei ukrainske flyktningane og kampviljen til Ukraina, seier ho.

Leidulf Gloppestad meiner det er viktig å hugse at vi har flyktningar i Gloppen frå ulike deler av verda som har flykta frå krig og ufred. No gjeld det Ukraina.

Hege Lothe har fått eit ekstra ansvar for å koordinere det som skal skje.

– Det vert utdeling av faklar ved STIL-stova før vi går til Heradsplassen der det vert appellar og allsong, fortel ho.

I tillegg vil dei prøve å synge den ukrainske nasjonalsongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har utfordra kor i Gloppen til å øve og stille med forsongarar, fortel ho.

Skal synge nasjonalsongen

Initiativtakarane vedgår at det er språkleg utfordrande å skulle synge på ukrainsk. Derfor har dei fått teksten både på norsk og ukrainsk, der den ukrainske uttalen er skriven på norsk.

Slik er eit av versa på norsk:

Ennå er ikke Ukraina tapt, verken dets ære eller frihet

igjen, ukrainske brødre, skal skjebnen smile til oss.

Som dugg for solen skal våre fiender forsvinne,

Også vi, brødre, skal råde over eget land.

Sjel og kropp vil vi ofre for vår frihet,

Artikkelen held fram under annonsen.

Og vi skal vise, brødre, at vi er av kosakkenes ætt.

Sjel og kropp vil vi ofre for vår frihet,

Og vi skal vise, brødre, at vi er av kosakkenes ætt.

I tillegg vil eit par utvalde vers av det velkjende diktet «Du må ikke sove» av Arnulf Øverland bli framført.

Over heile landet

I tillegg til appellar, song og diktlesing, vil bålpanna bli fyrt opp, og Bygdekvinnelaget er utfordra til å servere noko varmt.

– Vi tenkjer det skal vere ei kort markering. Det er ein fredagskveld, peikar Hege på.

Leidulf opplyser at det vil bli flagga med det norske og ukrainske flagget på Heradshuset heile dagen.

– No oppmodar vi folk til å kome for å vise solidaritet med Ukraina og flyktningane. Vi oppmodar også om at folk Vippsar eit beløp til hjelpearbeidet i Ukraina, seier dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Truleg vil eittårs dagen for invasjonen bli markert på tilsvarande vis over heile landet denne dagen.