Sport: – Det skal bli moro å samle den gamle gjengen, seier Frode Sægrov. Laurdag ettermiddag er det duka for prestisjeoppgjer mellom dei som stilte i den blå STIL-drakta for ti år sidan og dei som spelar på A-laget i dag.

Nytt styre tek over i Norsk Fjordhestgard

Etter fleire år med vanskeleg økonomi og aukande underskot vart det første juli vart det avvikla rådsmøte i stifting for å stake ut kursen vidare. Det vert opp til det nye styret.

På rett kjøl
– Den store saka på rådsmøtet var framtida til Norsk Fjordhestgard, seier tidlegare styreleiar Elin Furrevik. Ho meiner økonomien no er under kontroll slik at det ligg til rette for å halde fram drifta.
– Halvparten av den kortsiktige gjelda til kreditorane er tilbakebetalt, medan den andre halvparten er ettergjeven, viser ho til. På kva måte drifta skal vidareførast, vert opp til det nye styret, meiner ho.
– Vi sleit med økonomiske problem. Der var vi i same båt som mange andre. Alle ridesenter har høge driftsutgifter uavhengig av kor stor aktiviteten er. Det må t.d. vere eit minimum av tilsette til å stelle dyra. Utan stor nok aktivitet er det lett å kome inn i ein negativ spiral, forklarer Furrevik. Saman med Runar Sandnes, Terese Sunde og Åse Gunn Moldestad overlet dei no stafetten til det påtroppande styret.

Les meir i papirutgåva fredag.

Arkivfoto.