Nytt smittetilfelle i Stad

Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i ei pressemelding fredag morgon.

Personen kom frå utlandet og testa positivt etter innreise. Vedkomande har vore i innreisekarantene fram til testresultatet kom, og er no i heimeisolasjon.

– Det er éin nærkontakt til den smitta i Stad kommune. Denne personen er i karantene og vert testa, skriv Vingen Vedeld.

Artikkelen held fram under annonsen.