Ny våpenlov skaper utfordringar for rekrutteringa til skiskyttarsporten. Her Sturla Holm Lægreid under VM i skiskyting 2021 i Pokljuka. Foto: Primoz Lovric/NTB/NPK.

Nye våpenreglar skaper problem for nye skiskyttarar og jegerar

Den nye våpenlova som blei innført 1. juni i år, har ført til frustrasjon både for rekrutteringa til skiskyttar- og jegermiljøet.

Lova krev at alle som ikkje har våpenkort, må søkja om løyve for å låna eit. Det har ført til lange behandlingstider hos politiet, fortel NRK.

Ifylgje kanalen er behandlingstida i snitt ti veker, men enkelte stader må folk venta i heile åtte månader.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å bøta på problemet har skiskyttarforbundet, Norges Jeger- og Fiskerforbund og Det frivillige skyttarvesenet bede om at lova blir utsett til våren. Dette skal justisminister Monica Mæland tidlegare ha avvist fordi det ikkje er heimel i lova til å gjera det.

Men departementet har bede politiet prioritera lånesøknader og førstegongssøknader slik at ventetida blir kortare. Skiskyttarforbundet kjenner seg likevel ikkje overtydde om at desse lovnadene blir innfridde.

– Vi har vore bekymra for behandlingstida. No har politidirektoratet sagt at denne tida skal ned, men dette er noko vi kjem til å følgja opp, seier Vegar Rolfsrud, breidde og rekrutteringssjef i Norges skiskyttarforbund.

(©NPK)