Lokalaviser. Foto: Karoline Riise Kristiansen/NPK.

Nye kontraktar sikrar avislevering alle dagar

– Det er viktig at alle som ynskjer det framleis skal få levert papiravisa heim, òg på dagane utan vanleg postgang, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Samferdselsdepartementet innstiller Posten Bring AS som leverandør av distribusjon på vekedagar, og Aktiv Norgesdistribusjon AS som leverandør på kontraktane om distribusjon laurdagar, opplyser departementet i ei pressemelding.

Regjeringa varsla ny anbodskonkurranse i fjor haust, og Posten Bring AS og Aktiv Norgesdistribusjon AS var dei einaste som leverte tilbod innan fristen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Staten kjøper med det distribusjon av avisar til alle adresser som ikkje blir dekt av eit kommersielt avisbodnett. Dei nye kontraktane gjeld for perioden 1. juli 2024 til 30. juni 2025.

– Det er viktig at alle som ynskjer det framleis skal få levert papiravisa heim, òg på dagane utan vanleg postgang, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap). Foto: Emilie Holtet/NTB/NPK.

– Mediebransjen står i ei omfattande digitalisering, samstundes som avisar på papir framleis er viktige for bransjen. For å sikre fleksibilitet, inngår vi difor no korte kontraktar med eitt opsjonsår. Det vil òg gje oss moglegheita til å ta omsyn til rapporten frå Postutvalet, når den ligg føre om eit år. Den skal mellom anna ta for seg ulike samfunnsmessige omsyn som blir vareteke av distribusjonsnettverka i postsektoren, seier Nygård. (©NPK)