Illustrasjonsfoto frå skredområdet i Ask i Gjerdrum: Terje Pedersen/NTB.

Nye 60 millionar til flaum- og skredsikring

Ap-Sp-regjeringa ønskjer å auke løyvinga til NVEs arbeid med flaum- og skredsikring med 60 millionar til kroner.

– Skredet i Gjerdrum i fjor viser kor sårbare vi kan vere for naturfarar. For meg er det viktig at vi får opp farten når det gjeld førebygging av flaum og skrei, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) i ei fråsegn.

I det opphavlege forslaget til statsbudsjett foreslo Solberg-regjeringa ein 60 millionar kroners auke til NVEs arbeid med førebygging av flaum og skrei.

Artikkelen held fram under annonsen.

No vil den nye regjeringa gi NVE 60 millionar til slik at den samla løyvinga blir på over 720 millionar kroner.

Regjeringa vil òg gi 40 millionar til skredsikring på Svalbard over Svalbardbudsjettet. I det opphavlege statsbudsjettet var det foreslått 25 millionar.

(©NPK)