– Alle dei som har stått på for dette fortener ein ekstra is på 17. mai, ein dag då det frivillige står heilt i front, seier Senterpartiets Erling Sande. No blir også skulekorpsa sikra framleis momskompensasjon.

Ny smell for regjeringa i Stortinget

Stortingsfleirtalet køyrer over regjeringa og krev ein regel for full momskompensasjon til det frivillige innan neste år.

Publisert

– Endeleg! Dette er det største gjennomslaget for det frivillige på mange år, seier senterpartiets Erling Sande til NTB.

Han er i ekstase over at det no er klart at også Raudt støttar forslaget om ein regel som sikrar full momskompensasjon til frivillige organisasjonar innan budsjettet for 2027. Frå før av stiller Frp, SV, MDG og Kristeleg Folkeparti seg bak Sp-forslaget, og dermed er det fleirtal for å køyre over regjeringa når saka skal opp til votering i Stortinget torsdag.

– Full momskompensasjon er viktig for idrett, kultur og dei mange tusen nordmenn som deltek i frivillig arbeid over heile Noreg, seier Sande.

Erling Sande (Sp) er strålande fornøgd med at det blir full momskompensasjon for frivillige lag og organisasjonar.

– No legg vi til rette for at Noreg i framtida også skal vere eit land med høg deltaking. Alle dei som har stått på for dette fortener ein ekstra is på 17. mai, ein dag då det frivillige står heilt i front.

Må søkje

I dag søkjer frivillige organisasjonar momskompensasjon kvart år frå ein felles pott som blir bestemd i statsbudsjettet. Tilhengarane av ein regelstyrt ordning har lenge meint at dette ikkje er føreseieleg nok.

– Eg er glad og stolt over at Raudt sikrar fleirtal i denne saka slik at det frivillige endeleg får ein ansvarleg og føreseieleg finansiering, der organisasjonane veit at dei får tilbake pengane sine og kor mykje dei får. Dette er ein stor siger for dei over hundre tusen lag og foreiningane i heile landet, seier Remi Sølvberg i Raudt til NTB.

Partiet sit ikkje i familie- og kulturkomiteen på Stortinget, der saka har vore oppe til behandling. Men dei opplyser til NTB at dei kjem til å stemme fór på torsdag.

– Fram til no har det ikkje vore nokon garanti for at full momskompensasjon vil inkluderast i neste statsbudsjett eller ikkje, så dette er eit viktig gjennomslag, seier han.

Ap ville vente

I komitébehandlinga varsla Arbeidarpartiet at dei er imot Sp-forslaget. Partiet ville heller gå gjennom dagens ordning «med sikte på å innføre en full, regelstyrt ordning» – men utan å setje ein tidsfrist.

Ap viser i merknadene sine til at dei for første gong sørgde for full kompensasjon i 2021, då dei sat i regjering med Sp. Dei understrekar også at dette har vorte prioritert kvart år sidan.

I år er det sett av 3,1 milliardar kroner til momskompensasjonsordninga i statsbudsjettet.

I fleirtalsinnstillinga, som etter alt å dømme blir vedteken på torsdag, blir det slått fast at regjeringa må komme tilbake til Stortinget med eit forslag om å regelstyre finansieringa av momskompensasjonsordninga innan statsbudsjettet for neste år.

Regjeringa blir også beden om å sørgje for at det framleis blir gitt 100 prosent kompensasjon for momskostnadene til frivillige organisasjonar. (©NPK)

Powered by Labrador CMS