Bjarne Hole. Arkivfoto.

Ny runde i retten for Bjarne Hole

Bedriftseigaren frå Byrkjelo må møte i retten for tredje gong. Høgsterett har oppheva frikjenninga frå lagmannsretten. Dermed held striden om det blei grave i eit freda kulturminne eller ikkje, fram.


I oktober frikjende Gulating lagmannsrett Bjarne Hole for å ha grave i eit automatisk freda område ved verkstadbygningen på Hole.

Frikjenninga oppheva

Dommen frå lagmannsretten var samrøystes, og gav Hole full oppreisning frå Fjordane tingrett sin dom frå mai.

Då vart han dømd til fengsel og til å betale 40 000 kroner i bot. Påtalemakta meinte at retten hadde brukt kulturminnelova feil, og brukte mogelegheita til å anke saka. No har altså ankeutvalet for Høgsterett behandla saka, sett dommen til side, og sendt saka til ei ny runde i rettsapparatet. Dermed må Bjarne Hole møte i lagmannsretten på nytt i 2018.

Feil forståing av lova

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim ved Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane Statsadvokatembete representerer påtalemakta. Ho er svært nøgd med at Høgsterett oppheva dommen mot Hole.

– Eg føler at eg har fått gehør for mine argument om at lova var feiltolka og feilbrukt i denne saka. Det er ikkje ofte at ankeutvalet i Høgsterett opphevar ein einstemmig dom frå lagmannsretten. Dette er ei viktig sak, det er ikkje så mange slike dommar, og det er viktig at endeleg dom byggjer på rett forståing av lova, seier Thorn Nordheim.

I Høgsterett si oppsummering av saka står det at saka reiser prinsipielle spørsmål, og at dersom lagmannsretten si tolking av lova vert ståande, så vil 150.000 registrerte og automatisk freda kulturminne i landet bli råka.

Kulturminnelova

Striden står om kulturminnelova, paragraf seks. Aktoratet meiner at det er ei automatisk sikringssone på fem meter kring eit kulturminne etter at det er registrert. Hole grov ei sjakt for å hindre at det rann vatn inn i forretningsbygget hans. I nærleiken var det også eit freda kulturminne, restar etter busetnad frå eldre romartid. Hole grov i denne sikringssona, meiner påtalemakta. Lagmannsretten og Høgsterett har også ulik forståing av om ei slik sone skal vere teikna inn på kart.

Firda Tidend lukkast ikkje å kome i kontakt med advokat Edmund A. Bolstad som er forsvarar i saka. Bjarne Hole har ikkje sett Høgsterett si avgjerd, berre blitt informert munnleg av forsvararen. Hole ynskjer ikkje å kommentere saka før den er endeleg avgjort av rettsapparatet.

Lagmannsretten sin dom i neste omgang kan også ankast, så det kan gå lang tid før det er sett sluttstrek for saka.