Gloppen Næringsorganisasjon har skrive ein høyringsuttale i saka om ny tilbodsstruktur i Vestland, her representert ved styreleiar Lars Endre Gimmestad (t.v.) og dagleg leiar Vegar Sårheim. Arkivfoto.

– Firda vgs er avgjerande for samfunns- og næringsutvikling

Dette er ei høyringsuttale frå Gloppen Næringsorganisasjon, som med nær 100 medlemmar representerer næringslivet i Gloppen.

Tilbodet i dei vidaregåande skulane, og høvet til å gå på ein skule nærast mogleg, er avgjerande for at lokalsamfunna og regionane i Vestland skal vere attraktive og utvikle seg. Men ikkje minst er det avgjerande for kvardagen og utviklinga til elevane.

Firda vidaregåande skule (Firda) har stolte tradisjonar, eit solid kompetansemiljø, godt elevmiljø, og moderne fasilitetar med god kapasitet. Skulen er også ein viktig samarbeidspartnar for oss i næringslivet, der skulen stadig viser at dei er «meir enn ein skule». Det er mange døme på at samspelet med både elevar og tilsette har gitt gjensidig nytte og gode resultat. Utviklinga av Gloppenmodellen med fleire yrkesfaglege retningar, samarbeid om Newton-rom og energidagar, utvikling av festivalar og kulturliv, er berre nokre døme. At Firda i ei årrekke har vore representert i styret i næringsorganisasjonen er nettopp på grunn av den gjensidige nytten og det tette samarbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Derfor er saka om tilbodsstrukturen i dei vidaregåande skulane, og spesielt tilbodet ved Firda, avgjerande viktig for oss i næringslivet. I lys av dei endringane som er foreslått, så er der fleire ting vi ønskjer å vektlegge på vegner av næringslivet i Gloppen:

Firdav vgs. må tilby studiespesialisering. Dette er berebjelken for Firda vgs., og skulen har søkjartala som forsvarer å behalde dette tilbodet til elevane. Tek de vekk denne, reduserer de også viktige fagtilbod til elevar på andre studieførebuande program på skulen. Samstundes tvingar de mange elevar over på hybel eller fleire timar med pendling kvar dag. Det går ikkje minst utover kvardagen til elevane, men det gjer også noko med buattraktiviteten til lokalsamfunnet, som på sikt påverkar evna vår til å sikre god rekruttering, nærings- og samfunnsutvikling.

Debatten kring skulestruktur har vist ei brei semje om at studiespesialiserande bør vere eit tilbod ved alle dei vidaregåande skulane i Nordfjord, noko vi også støttar opp om.

Firda vgs. treng yrkesfag. Det er svært positivt at ein i høyringsforslaget ser eit behov for å tilby yrkesfag, i form av helse- og oppvekstfag, ved Firda. Mangelen på yrkesfag er truleg ein av grunnane til at Gloppen allereie er blant kommunane der flest elevar må reise ut av kommunen for å gå på vidaregåande skule. Når fylkeskommunen foreslår å opprette helsefag ved Firda, tilbakefører de eit viktig tilbod som skulen har kjempa for å få tilbake etter at dette vart fjerna for for elleve år sidan. Ikkje minst er det ein viktig og fortent anerkjenning av den banebrytande innsatsen skulen har gjort rundt utvikling av «Gloppenmodellen» og helsefagleg utdanning for minoritetsspråklege vaksne. Denne satsinga gjer at Firda i dag har kompetansen, utstyret og lokalitetane som trengst for å tilby helsefag ved skulen. Ei etablering på Firda vil såleis vere i tråd med kriteria i høyringsgrunnlaget som seier at tilbodsstrukturen skal sikre sterke fagmiljø og ei effektiv utnytting av areal og utstyr.

Vi ønskjer ikkje sentralisering i Nordfjord. Vi har ikkje eitt regionsenter i Nordfjord slik enkelte i debatten har forsøkt å skape inntrykk av. Tanken om å bygge opp tilbod midt i regionen, bygge det ned i andre delar, og satse på mest mogleg pendling, er det motsette av det som har skapt utvikling, samhandling og framtidstru i regionen dei seinare åra. Nordfjord har likestilte kommunar med fire sterke tettstadar. Det har gitt kommunane høve til å jobbe for vekst og utvikling i heile regionen. Det har også skapt eit godt samhald og samarbeid, som vi må unngå at skulestrukturen bidreg til å bryte ned.

Gi rom for samfunnsutvikling. La viktige tilbod vere søkbare på skulane, og la søkjartala vere avgjerande for om skulane får ekstra klasser. På den måten gir de eit breitt og godt tilbod i elevane sine nærområde. Samstundes gir det dykk ein fleksibilitet til å justere klassetal ut frå søkjartal. Heller enn å styre etter dårlege, usikre prognosar på sikt, vil de på den måten spele på lag med kommunane og regionen om å skape attraktive samfunn og ei positiv utvikling.

Faktisk syner dei reelle elevtala (GIS-tala) ei betre utvikling for fleire av dei vidaregåande skulane enn det høyringsforslaget legg til grunn. Dette gjeld ikkje minst for Firda sitt omland, som ligg an til å få den lågaste nedgangen i perioden fram til 2033 (-1%). Dette må bety noko når de utformar ein kritisk innsatsfaktor for framtidig samfunnsutvikling.

Moderne og attraktive fasilitetar. Vegg i vegg med Firda vidaregåande ligg Trivselshagen, med nokre av dei beste fasilitetane om dei vidaregåande skulane i fylket kan by på når det gjeld kultur og idrett. Dette er eit anlegg som fylkeskommunen har investert svært mykje i, og som yrer av liv, meistring og utvikling kvar einaste skuledag. Å ikkje utnytte dette samspelet til det fulle ville vere å bryte med viktige prinsipp i høyringsforslaget – å sikre effektiv utnytting av bygningsmasse, areal og utstyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tidlegare rundar er det Firda som har blitt råka hardast når tilbod og elevplassar har blitt reduserte eller flytta. No har de høve til å ikkje berre sikre berebjelken ved å la skulen få behalde sitt tilbod om studiespesialiserande, men også styrke den ved å tilføre eit sterkt etterlengta tilbod om yrkesfag på eit område der skulen har bygd opp både solid kompetanse og kan vise til gode resultat.

Gloppen Næringsorganisasjon