Frå 1. juni til 31. august blir barn frå 1. til 7. klasse over heile landet inviterte til å vera med i lesestafetten sommerles.noIllustrasjonsfoto: Berit Keilen/NTB/NPK.

Ny lesekampanje for unge i sommar

Mange bibliotek over heile landet inviterer i desse dagar barn og unge til å vera med på lesestafetten sommerles.no

Sommerles.no er ein nasjonal, digital lesekampanje for barn frå 1.–7. trinn i regi av folkebiblioteka. Kampanjen startar 1. juni og varer fram til 31. august.

– Målet er å få flest mogleg barn til å lesa mest mogleg gjennom ein lang sommarferie, heiter det i omtalen av kampanjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å lokka flest mogleg til å lesa, er det lagt stor vekt på at lesing skal vera kjekt. Gjennom å bruka element frå dataspel har kampanjen tidlegare år blitt ein suksess. Kampanjen er mellom anna lagt opp slik at deltakarane samlar poeng for kvar side dei les og får digitale trofé dei kan samla på. Undervegs kan dei også få små premiar som dei kan henta på biblioteket.

Sommerles.no har dei siste åra vore ein populær syssel for mange barn. I rekordåret 2019 var over 131.000 barn med på kampanjen.

(©NPK)