NRK opnar for sluttpakke for alle tilsette, skriv Medier24. Foto: Erik Johansen/NTB/NPK.

NRK opnar for sluttpakke til alle tilsette

NRK opnar for sluttpakke til alle tilsette. Det kjem fram i ei melding på intranettet for NRKs tilsette, ifølgje Medier24.

- I forbindelse med strammare økonomiske rammer i 2023 opnar NRK opp for at medarbeidarar kan søkje om frivillig avgangsvederlag (sluttpakke). Hensikta med avgangsvederlaget er å gi tilsette ein økonomisk sikkerheit i overgangen til nytt arbeid utanfor NRK, skriv dei mellom anna, ifølgje Medier24 som har sett meldinga.

Allmennkringkastaren har tidlegare varsla at dei kjem til å mangle over 300 millionar kroner til neste år, og økonomidirektør Andreas Norvik har sagt at det betyr at dei må bli færre tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

I meldinga frå NRK står det at det er krav til kven som kan få sluttpakke, og at det gjeld stillingar som ikkje blir erstatta. Tilsette over 67 år får ikkje søkje om sluttpakke. Fristen for å søkje er 9. januar.