Nortura har redusert matsvinnet med over 50 prosent sidan 2017. Foto: Nortura.

– Nortura har nådd målet om halvering av matsvinn

Åtte år før fristen har Nortura nådd målet i Bransjeavtalen om matsvinn og redusert svinnet med over 50 prosent, ifølgje selskapet.

Det var i 2017 at Nortura og fleire andre selskap i matbransjen gjekk inn på ein samarbeidsavtale med styresmaktene gjennom Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn. Med det har Nortura forplikta seg til å halvere matsvinnet i selskapet med 50 prosent innan 2030.

Sidan den gongen har Nortura redusert matsvinnet kvart år, og i 2022 var resultatet ein reduksjon på 52 prosent samanlikna med 2017. I 2022 utgjorde matsvinnet 0,54 prosent av den totale matproduksjonen i Nortura.

Artikkelen held fram under annonsen.

Matvett, mat- og serveringsbransjen sitt selskap for å førebyggje og redusere matsvinn, håper at resultata til Nortura kan vere til inspirasjon for andre.

– Vi gratulerer Nortura med arbeidet som er gjort. Nortura har jobba aktivt med bransjeavtalen i mange år og er eit godt førebilete for andre aktørar. Vi håper det gode resultatet vil motivere fleire verksemder til å slutte opp om Bransjeavtalen. Matsvinn er eit stort samfunnsproblem, og skal vi få bukt med problemet krev det ei systematisk tilnærming, seier leiar for berekraft i Nortura, Cecilie A. Hultmann.

Miljødirektoratet meiner at reduksjon av matsvinn er eitt av dei mest effektive klimatiltaka innanfor landbrukssektoren. (©NPK)