Saka om metanhemmarar for kyr vekte debatt i fjor – og kan ha forverra omdømet til Tine.

Norgesgruppen og Tine fell mykje på omdømemåling – Vipps stadig på topp

Norgesgruppen og Tine fell på Apelands omdømemåling. Matprisar og metanhemmarar ligg bak, trur byrået. Vipps toppar målinga for tredje året på rad.

Publisert
Betalingstenesta Vipps toppar målinga endå ein gong.

Omdømemålinga Traction Noreg blir gjennomført av kommunikasjons- og analysebyrået Apeland. 50 bedrifter blir nominerte av befolkninga, og omdømet blir målt gjennom eit år i samarbeid med Norstat-panelet.

Selskapa får poengsum frå 0–100 basert på om folk har «tillit til», likar eller er «imponert over» selskapet.

Vipps tronar øvst med ein skår på 90 og er altså ein gjengangar i toppen, men i år har ein nykommar òg snike seg inn. Rørosmeieriet har fått heile 87 i skår og ligg på andreplass.

– Det kanskje morosamaste er Rørosmeieriet, som vart nominerte i fjor og no pustar Vipps i nakken, seier Apeland.

Bovaer til bry

Han peikar vidare på at Tine, som alltid har lege i toppsjiktet, no er forbigått av både Rørosmeieriet og Q.

Tine er for første gong på mange år ikkje i toppsjiktet blant med såkalla svært godt omdøme. Apeland koplar utviklinga i meierisektoren til bråket rundt metanhemmarar, såkalla Bovaer.

Kiwi-eigar Norgesgruppen står igjen med det største omdømefallet på målinga. Butikkjeda Kiwi er likevel rimeleg populær, det same er Coop, som er eigd av kundane.

Bakteppet er at Q stansa bruken av Bovaer i fôr blant eigne produsentar i desember 2024, medan Tine følgde etter i januar, etter aukande skepsis blant både forbrukarar og mjølkebønder.

Kufôr med metanhemmarar er meint å sørgje for at kyrne slepp ut mindre av klimagassen metan – altså at dei rapar og prompar mindre.

Ifølgje Apeland har metanhemmar-floken gitt eit høve til Rørosmeieriet, «som oppfattast som litt meir ekte og reint».

Upopulære klimatiltak?

Folk flest er ikkje naudsynleg så glade i klimatiltak, påpeikar Apeland.

– Ein kunne tenkt at folk syntest det var heilt fantastisk at Tine tok grep for å ta vare på klimaet og få kyrne til å sleppe ut mindre, men det har ikkje fungert sånn i det heile. Det har nok vore ei ubehageleg overrasking for Tine, seier han.

– Norsk mjølk blir knytt til det naturlege, tryggleik og kvalitet, og difor er tilliten til mjølka så viktig for oss, seier Tines kommunikasjonsdirektør Ingrid Wilberg Arnesen til NTB om avgjerda om Bovaer.

Ho understrekar at Tine framleis skal jobbe med klimakutt, men på ein måte som bevarer tilliten til mjølka.

– Tine skal halde fram med å gå føre i arbeidet med å finne løysingar som tek vare på jorda vår og reduserer utsleppa. Så må vi gjere det på ein måte som bevarer tilliten til mjølka og til Tine. For skal norsk mjølkeproduksjon lukkast med klimakutta, må heile næringa stå saman om løysingar folk har tillit til.

Lukka Norgesgruppen?

Norgesgruppen er selskapet viss omdøme har falle mest sidan fjorårsmålinga. Selskapet ligg på plass 48 av 50 – opp éin plass frå i fjor – men sjølve skåren har falle frå 51 til 46, noko som ville gitt botnnotering i fjor.

– Det har openbert noko med matprisar å gjere, og folk kjenner nok at det er litt skjult, litt lukka. Ein veit at dei er svære og at dei står for ein veldig stor del av daglegvaremarknaden, seier Apeland.

Han slår fast at dei «gøymer seg litt bort».

– Og det gjer dei antakeleg fordi dei prøver å ikkje skape forståing for kva for ei enorm makt dei har i samfunnet. Det er openbert at dei har ei utfordring.

Daglegvaregiganten eig mellom anna kjedene Kiwi, Meny, Joker og Spar. Både Kiwi og Meny er inne blant dei 20 selskapa med «godt omdømme». Men eigaren er altså upopulær.

– Det er vanskeleg å kommentere enkeltundersøkingar, men det er jo naturleg å tru at prisaukane på daglegvarer har bidrege negativt til Norgesgruppens resultat, sjølv om dei høge prisane i stor grad kjem av faktorar som vi ikkje rår over. Auka matprisar kjem jo først og fremst av auka kostnader i heile verdikjeda, noko som også gir seg utslag i auka prisar i butikk, seier Norgesgruppens kommunikasjonssjef Kine Søyland.

Søyland gler seg samtidig over at butikkjedene i gruppa har godt omdøme.

Vips i topp – Meta i botn

Medan Vipps tronar på topp, er to amerikanske selskap i botnen. Metas omdømeskår på 30 er den lågaste sidan selskapet begynt med målinga. Tesla kjem nesten like dårleg ut, med skår på 33.

Selskapa skårar særleg lågt på leiing og etikk, og folk oppgir å ikkje ha tillit til dei. Apeland påpeikar at Tesla har vore svært populært, og seier han trur eigar Elon Musk har bidrege til nedgangen, men han lurer òg på om det at selskapa er amerikanske, trekkjer dei ned.

– Tesla og Meta – to amerikanske gigantar – ligg i botn, medan vi ser at alle dei store norske industriselskapa, som Equinor, Kongsberg, Hydro og Yara, dei går litt fram, seier Apeland. Også NRK går fram, frå 7. til 6. plass og frå 77 til 80 i skår.

– Vi likar våre eigne ting, slår Apeland fast. (©NPK)

Powered by Labrador CMS