Noreg stengjer i praksis grensa

Innreise til Noreg blir berre lov for personar med nødvendige formål frå natt til fredag, har regjeringa bestemt.

– I praksis blir grensa stengd for alle som ikkje er busett i Noreg, seier statsminister Erna Solberg (H), men legg til at det er nokre unntak.

– Dette sikrar at kritiske varer og tenester kjem inn til Noreg, men det betyr at mange arbeidsinnvandrarar ikkje kan komme dei neste vekene.

Reglane vil bli vurderte på nytt om to veker og er i samsvar med tilrådinga til Helsedirektoratet.