Talet på koronarelaterte dødsfall i Noreg har no passert 1.000. Foto: Jil Yngland/NTB/NPK.

Noreg har passert 1.000 koronadødsfall

Over 1.000 koronarelaterte dødsfall er no registrerte i Noreg. Ifølgje FHI har 1.002 personar i Noreg mista livet etter å ha vorte smitta av koronaviruset.

Det første registrerte koronadødsfallet i Noreg kom 12. mars i fjor. Sidan den gong har over 1.000 koronasmitta personar mista livet, anten med eller av viruset.

Ifølgje Folkehelseinstituttet måndag har talet no stige til 1.002. Dermed er nok ei grense i epidemiutviklinga kryssa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har den største medkjensla med dei som har mista sine kjære, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) til NTB.

Ho minner om at pandemien ikkje er over, og at dette viser viktigheita av at alle bidreg til å få ned smitten og hindre alvorleg sjukdom.

– Kvar og ein kan bidra med å ta vaksinen, følgje smittevernråda og halde seg heime og teste seg ved symptom, seier Kjerkol.

– Vaksinen gir godt vern mot smitte og sjukdom, men effekten minkar over tid. Det gjeld spesielt for dei eldste. Mange av dei som er innlagde på sjukehusa no, er eldre personar som vart vaksinerte på seinvinteren. Det er derfor svært viktig at eldre over 65 år no får oppfriskingsdose så raskt som mogleg, og eg oppmodar kommunane til å prioritere dette, seier helseministeren.

Smittetrenden i Noreg er stigande. Det siste døgnet er det registrert 1.470 koronasmitta i Noreg, som er 314 fleire enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 2.055 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 1.667.

(©NPK)

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier ho har den største medkjensla med dei som har mista sine kjære. No har Noreg passert 1.000 koronarelaterte dødsfall. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.