Norske medisinlager er fylte opp av koronavaksinar. Dei må no destruerast fordi ingen vil ha dei, ifølgje FHI. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Noreg har overskot av koronavaksinar – ingen vil ha

Titusenvis av koronavaksinar som ligg på norske lager, blir truleg kasserte fordi låginntektsland ikkje vil ha dei, opplyser Folkehelseinstituttet (FHI).

– Vi har derfor eit overskot av koronavaksinar akkurat no, skriv FHI på nettsidene sine.

Noreg og EU har investert tungt i vaksineutvikling for å sikre nok vaksinar til befolkninga. Samtidig har ein akseptert risikoen for eit overskot av dosar, ifølgje FHI.

Artikkelen held fram under annonsen.

Planen var å donere vekk eit eventuelt overskot. Men etterspurnaden i låginntektsland for å ta imot koronavaksinar frå Noreg fell, trass i låg vaksinedekning.

– For første gong i pandemien overstig no tilgangen etterspurnaden etter koronavaksinedosar. Dette gjeld dei fleste land i EU, også Noreg, skriv FHI.

Vaksinedosar som ikkje kan brukast i Noreg, må derfor kasserast. Det har allereie skjedd med nærare 140.000 dosar.

– Noreg forventar at det vil bli nødvendig med ytterlegare kassering av koronavaksinedosar utover året, så lenge den globale etterspurnaden ikkje endrar seg, opplyser FHI.

I løpet av pandemien har Noreg donert 7,4 millionar dosar til 25 land, dei fleste gjennom Covax-samarbeidet.

(©NPK)