Foto: Kristian Sivertsen.

Noreg har fått sin første rypedoktor

Fagsjef Jo Inge Breisjøberget i Statskog har tatt doktorgrad i rypeforvaltning. Han blir den første rypedoktoren i Noreg. 


Velvillige jegerar som rapporterer frå jakta, milevis med takseringsliner og store forvaltningsområde har danna grunnlaget for unike analysar i doktorgradsarbeidet. Målet er at funna kan forbetre den framtidige rypeforvaltinga i Noreg, skriv Statskog i ei pressemelding.


Statskog har alt no justert forvaltinga på grunnlag av doktorgradsforskinga. Sju av ti jegerar skyt ikkje ei einaste rype på ein jaktdag. Tre av ti jegerar får fangst på jaktdagen, men det stoppar ofte med ei rype.


– Forsvinnande få skyt meir enn to ryper på ein jaktdag, sjølv om kvotane gir løyve til det. Å styre talet jegerar som jaktar i eit terreng, er det mest treffsikre reguleringstiltaket vi kan bruke der vi lokalt har for låg kyllingproduksjon, seier fagsjefen for jakt og fiske i Statskog, Jo Inge Breisjøberget, i pressemeldinga. (©NPK)