Nok eit smittetilfelle i Gloppen

Ein kjend nærkontakt til ein smitta person har testa positivt på korona, melder Gloppen kommune fredag morgon.

– Vedkomande har vore i karantene, utan kontakt med andre, sidan søndag. Og sidan det ikkje er andre nærkontaktar til dette smittetilfellet, er ytterlegare smittefare veldig liten og situasjonen er oversiktleg og under kontroll. Dette smittetilfellet har indirekte tilknyting til smitten i Stad, skriv ordførar Leidulf Gloppestad i ei pressemelding.

Han understrekar at kvart nytt tilfelle er ei stadig påminning om kor viktig det er at alle held fram med smittevern i kvardagen, med god handhygiene og avstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den viktigaste smittevernberedskapen skjer i heimen og hjå kvar enkelt, slår han fast.