Nok eit koronatilfelle i NRK i Førde

Ein ny tilsett ved NRK Vestland sitt kontor i Førde fekk måndag kveld påvist covid-19. Vedkomande har vore på heimekontor sidan det første smittetilfellet vart påvist onsdag sist veke.

– Alle som var på kontoret måndag, tysdag og onsdag i forrige veke skal no teste seg for covid-19 og er sette i karantene av kommuneoverlegen i Sunnfjord, opplyser NRK Vestland i ei pressemelding.