Jan Kåre Fure.

No vil rådmannen selje

– Eg kjem til å føreslå at vi set i gang ein prosess for å selje bygningen, seier rådmann Jan Kåre Fure om det gamle kommunehuset på Reed.


Huset som var kommunehus for Breim kommune frå 1887 (året etter kommunedelinga) til 1965, er eigd av Gloppen kommune, men har ikkje vore brukt på fleire år. No vil rådmannen selje hus og eigedom på den frie marknaden.



– Har ikkje lukkast

– Vi har arbeidd med om ideelle organisasjonar kunne leggje fram ein truverdig plan for overtaking og bruk av huset, men det har ikkje lukkast. Ingen har kome med konkrete framlegg til løysingar, så no går eg inn for å avhende eigedomen, seier Jan Kåre Fure.

Kulturhistorisk verdi

Det gamle kommunehuset vart på folkemunne kalla ”Lokalet”, og har ein kulturhistorisk verdi.

Det vart delvis reist av materialar frå den gamle kyrkja i Refjæra, som vart bygd på 1600-talet og riven i 1886. Dette syner att på tømmeret i bygningen, der mellom anna ein rosemåla engel er godt synleg.

Bygningen er oppført i tidstypisk empirestil – lite takutstikk og torams vindauge med tre ruter i kvar ramme, og er i stor grad original frå byggjeåret.

Fritidsbustad?

Den utflytte breimningen Knut Flølo har ved fleire høve etterlyst avklaring på kva som skal skje med det gamle kommunehuset. Allereie for ti år sidan signaliserte han interesse for å kjøpe bygningen, ruste han opp og bruke han som fritidsbustad.

Seinast sist veke sende han brev til kommunen og bad om ei avklaring på kva som har skjedd og kjem til å skje i saka. No lovar rådmannen svar.

– Knut Flølo vil få svar når eit eventuelt vedtak er fatta, seier Jan Kåre Fure.

Det gamle kommunehuset i Breim.