No må piggdekka av
Søndag gjekk fristen for å ta av piggdekka ut for Sør-Noreg.
Samstundes må ein sjå an føret og utvise skjønn, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgivar i Tryg Forsikring i ei pressemelding. I høgda og på fjellet er det framleis fare for nattefrost og nedbør som snø, noko som betyr at piggdekka bør vere på om du ferdast der.
– Som sjåfør er du ansvarleg for at køyretøyet har tilstrekkeleg veggrep heile året, og kravet om tilstrekkeleg veggrep veg tyngre enn fristane for når piggdekk kan brukast, seier Brandeggen.
Tidlegare undersøkingar for Tryg har vist at 2 av 10, tilsvarande ein halv million bileigarar, aldri skiftar dekk. Dei køyrer på piggfrie vinterdekk heile året.
– Piggfrie vinterdekk er ikkje eit universelt heilårsdekk, dei er laga for vinterføre. Køyrer du med piggfrie vinterdekk om sommaren vil sol og varme svekkje gummien, og du vil ha lengre bremselengd enn normalt, spesielt ved glatt køyrebane. I tillegg blir dekka slitne mykje raskare ved heilårskøyring, og neste vinter er dei piggfrie vinterdekka langt unna å verke optimalt på vinterføre, seier han.
Mønsterdjupna for sommardekk skal vere minimum 1,6 millimeter, men Tryg tilrår det dobbelte. På ei regntung vegbane vil lite mønsterdjupn gi dårlegare drenering, og auke faren for vassplaning. (©NPK)