Jarle Helgheim har ivra for å få sett inn att dei to vindauga som vart tekne vekk frå koret i Helgheim kyrkje i 1952. Arkivfoto.

– No kan ikkje noko hindre oss

– Dette kjem til å gå i orden, det er berre ein formalitet som står att, smiler Jarle Helgheim og reknar det som sikkert at Helgheim kyrkje vil få att den opphavelege fasaden sin i løpet av jubileumsåret 2017.

Dei to vindauga i koret vart tekne vekk då den no 140 år gamle kyrkja vart restaurert i 1952. Sist haust tok Jarle Helgheim til orde for at desse burde setjast inn att. Ein anonym jølstring har gjeve 625.000 kroner til tiltaket, som dermed er fullfinansiert. Etter at Riksantikvaren no har gjeve si velsigning, manglar berre den siste godkjenninga frå Bjørgvin bispedøme.

– Uttalen betyr ganske mykje, biskopen pleier ofte å følgje Riksantikvaren sine tilrådingar, seier rådgjevar for kyrkjekunst og interiør i Bjørgvin bispedøme, Ragnhild Tveit.

Ho er kjend med at Riksantikvaren er positiv til søknaden frå Helgheim sokneråd, og reknar med å ferdighandsame saka komande veke.

Jarle Helgheim legg ikkje skjul på at han er glad for tilbakemeldingane som kjem.

– Dette går i orden, no er det ikkje noko som kan hindre oss, seier han og peikar på at prosessen frå tanke til ferdig søknad har vore god og grundig:

– Saka har vore skikkeleg handsama både av soknerådet, fellesrådet, prostiet og bispedømet.

Les meir i papirutgåva fredag.