Assisterande helsedirektør Espen Nakstad opplyser at helsestyresmaktene no jobbar med å endre systemet for smittesporing. Det kan kome endringar i test- og karanteneråda på grunn av smitte- og innleggingstala. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

No kan det kome nye test- og karanteneråd

Helsestyresmaktene jobbar no med å endre systemet for smittesporing, og det kan komme endringar i test- og karanteneråd.

Både koronasmitten og innleggingsstala stig, også blant fullvaksinerte. Det kan snart føre til endringar.

– Vi ser på heile TISK-apparatet og korleis vi kan fange opp smitte blant vaksinerte og uvaksinerte, spesielt i husstandar, der vi ser at det skjer smitteoverføringar også til fullvaksinerte, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad til VG.

Artikkelen held fram under annonsen.

TISK (test-isolasjon-smittesporing-karantene) er eit omgrep som karakteriserer smittesporingsarbeidet til kommunane og vart nedjustert då regjeringa opna landet 25. september.

No kan det bli endringar.

– Akkurat korleis dette skal implementerast, er enno ikkje klart, seier Nakstad.

Saman med Folkehelseinstituttet jobbar no Helsedirektoratet med nye tilrådingar og føringar om kven som bør teste seg, og kor ofte.

(©NPK)