Tromsø er blant byane som kan vente seg temperaturar opp mot 25 grader denne veka. Arkivfoto: Jan-Morten Bjørnbakk/NTB/NPK.

No er det Nord-Noreg som får sommarvarmen

Denne veka er det nordlendingane sin tur til å få dei høgaste temperaturane. Samtidig er det fare for styrtregn i Agder og Rogaland.

– Varmlufta trekkjer nordover, og no er det Nord-Noregs tur til å få temperaturar over 25 grader, skriv Meteorologisk institutt på Twitter.

Den sørlege delen av landet ligg derimot an til å få temperaturar rett under 20 grader.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Til helga kjem eit nytt varmeblaff, som gir temperaturar over tjuetalet til store delar av landet, skriv meteorologane vidare.

Måndag formiddag trer det også i kraft eit farevarsel om styrtregn for Agder og delar av Rogaland. Sjansane for styrtregn er likevel størst i Agder.

Faren er venta å vere over klokka 17. (©NPK)