Mange av smittetilfella i Gloppen er knytte til Nordstranda skule.

Ni nye smittetilfelle i Gloppen

Det var klokka 14 i dag registrert ni nye tilfelle av koronaviruset i Gloppen kommune.

Det opplyser kommunen i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

Frå før var 17 personar registrert smitta sidan utbrotet starta sist fredag, slik at smittetalet totalt no er 26.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei nye smitta er knytte til Sandane skule, Nordstranda skule og Breim skule. Alle dei nye smitta er nærkontaktar til tidlegare smitta.

– Nær halvparten av smittetilfella er no relaterte til Nordstranda skule, og dei fleste tilfella er knytt til ei klasse. Vi innfører difor forsterka testregime med dagleg testing i aktuell klasse, og oppmodar alle som har born på Nordstranda skule om å vere særleg merksame på symptom og ha låg terskel for å vere heime og teste seg, skriv kommunen.

Det er vedteke å innføre besøkskontroll ved helse- og omsorgsinstitusjonar i Gloppen kommune. Dette for å vere «føre var». I tillegg blir det innført forsterka smitteverntiltak for tilsette i helse- og omsorgstenesta.

– Det vert vurdert at det framleis ikkje er grunnlag for nedstenging, andre tiltak eller restriksjonar i Gloppen kommune. Kommunen har gjennomført risiko- og tiltaksvurdering i dag og vore i dialog med utbrotsgruppa hos FHI. Dette betyr at arrangement, fritidsaktivitetar og kampar kan gå som planlagt, heiter det i pressemeldinga.