Tesla er det mest populære bilmerket i både første kvartal, og i mars som enkeltmånad. Foto: Tore Meek/NTB/NPK.

Ni av ti nye bilar selde i mars var elbilar

Elbilandelen har aldri vore så høg som han var i mars. Samtidig har aldri andelen selde nye bensinbilar vore så låg.

– Salet av nye reine diesel- og bensinbilar er truleg i ferd med å bli historie i Noreg. Samtidig var andelen bensinhybridar og ladbare bensinhybridar i mars på ti prosent, som viser at ikkje alle er klare for elbil rett enno, seier direktør i Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV) Øyvind Solberg Thorsen i ei pressemelding.

Av 19.366 nye personbilar i mars var 16.811 elbilar (86,8 prosent), medan reine diesel- og bensinbilar til saman berre stod for 2,7 prosent av nybilregistreringane. I mars i år vart det registrert 19,3 prosent fleire nye personbilar enn i same månad i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alt i alt ser det ut til at takten i talet på nybilregistreringar er i ferd med å normaliserast etter første kvartal. Men vi må truleg justere ned prognosen for 2023 som var på 154.000 førstegongsregistrerte nye personbilar, seier Solberg Thorsen.

Både kvartalet samla sett og mars som enkeltmånad, har vore prega av eit rekordhøgt tal nye Teslaer.

– For bilindustrien generelt kan det sjå ut til at det no er litt mindre produksjonsutfordringar. Det kan kanskje bidra til litt kortare ventetid for dei som har bestilt og no bestiller nye bilar, seier Solberg Thorsen. (©NPK)