Slutten på skuleåret 2019/20 blei kraftig prega av innmarsjen til koronapandemien i Noreg. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Nesten like mange fullførte utdanning trass pandemi

Trass ei pandemiprega avslutning vart 53.959 utdanningar fullførte på norske universitet og høgskular i 2020. Det er berre 15 færre enn skuleåret før.

Bachelorutdanningar utgjorde 59 prosent, medan 27 prosent av dei fullførte utdanningane var masterutdanningar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Profesjons- og forskarutdanningar stod for 5 prosent, medan 9 prosent var andre utdanningar.

Talet på fullførte utdanningar har vore aukande dei siste fem åra. I snitt har det vore ein årleg auke på nærare fire prosent. I 2015 vart 45.800 utdanningar fullførte.

Fleire kvinner enn menn tek høgare utdanning, noko som blir reflektert i tala. Kjønnsforskjellen var størst på profesjonsutdanningar, der kvinner utgjorde 73,4 prosent av dei som fullførte. Berre på forskarutdanningar var menn i fleirtal (51,1 prosent).

I fjor vart det fullført 31.750 grader på bachelornivå, som er ein auke på 700. På masternivå gjekk talet ned med 200 til 14.600.

(©NPK)