Andelen som seier nei til EU, aukar, viser ei ny måling frå Respons Analyse. Her møter statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen.

Neifleirtalet veks på ny EU-måling

Neisida har dobla forspranget på det siste EU-barometeret frå Respons Analyse. 53 prosent seier no nei til medlemskap.

Publisert

Andelen som seier dei er usikre, har samtidig falle frå 20 prosent til 14 prosent. Berre kvar tredje som er spurd, 33 prosent, seier klart ja til medlemskap, viser målinga, som er utført for VG og Aftenposten.

Førre EU-målinga til analyseselskapet var i mars, og sidan den gongen har neisida auka forspranget frå 10 til 20 prosentpoeng.

Europabevegelsen-leiar Trine Lise Sundnes, som også er stortingsrepresentant for Ap, seier til VG at ho tek målinga med ro.

– At det kjem svingingar i synet på EU-medlemskap, er verken unaturleg eller overraskande. Folk er sinte og skuffa over at saka om toll på ferrolegeringar enda som ho gjorde. Og vi må vere førebudde på store svingingar også i tida framover, seier ho.

Bakgrunnstala viser at det er størst EU-motstand hos dei som stemde på Senterpartiet (96 prosent), etterfølgde av Raudt (73 prosent) og Frp (68 prosent).

Nesten to av tre som stemde på MDG eller Venstre, høvesvis 64 og 63 prosent, er EU-positive. Dei tredje mest positive er Høgre-veljarane, men det er ikkje fleirtal. 49 prosent ønskjer å bli med i EU. Samtidig har Ine Eriksen Søreide, som er innstilt som ny partileiar, teke til orde for ein ny EU-debatt. (©NPK)

Powered by Labrador CMS