
Nei-sida på kraftig retrett i ny EU-måling
Rekordmange nordmenn er no i tvil om Noreg bør bli medlem av EU. Samtidig er andelen som seier nei til norsk EU-medlemskap nede i 41,8 prosent. Og blant dei yngste veljarane leier ja-sida.
Kvar fjerde nordmann er no usikker på EU-spørsmålet, viser ei fersk måling Sentio har gjort for Nationen og Klassekampen. Heile 25 prosent svarer at dei ikkje veit kva dei meiner – det høgaste som er registrert hos Sentio nokon gong.
Samtidig søkk andelen nei-veljarar kraftig. No seier 41,8 prosent nei til EU-medlemskap, ein nedgang på 4,9 prosentpoeng sidan november. Det er lågaste nei-nivå sidan januar 2005, då 40,4 prosent svarte nei.
Men også ja-sida fell: I førre måling svarte 34,9 prosent ja til medlemskap, no er andelen 33,2 prosent.
Målinga viser også eit klart EU-fleirtal blant unge: Blant veljarar under 30 år seier 41 prosent ja til medlemskap, 25 prosent seier nei, og 34 prosent svarer veit ikkje.
Tala bekymrar Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum, som under landsmøtet i partiet tidlegare i vår mana til kamp mot EU.
– Eg tar dette på alvor. Kreftene som jobbar for norsk EU-medlemskap er enorme no. Dei køyrer på for fullt – frå VG på kommentarplass til Høgre og NHO, seier Vedum til Nationen. (©NPK)