Fulle magasin og rekordlåge straumprisar. Biletet er frå overløp i Kvitingsvatnet i Samnanger i 2018.

Negativt kvartalsresultat for første gong

Rekordlåge kraftprisar gjer at energiselskapet BKK får eit negativt kvartalsresultat for første gong i nyare tid. Resultatet for andre kvartal i år blei underskot på 179 millioner kronar, skriv konsernet i ei pressemelding.

Resultatet er 895 millionar svakare enn i andre kvartal 2019. Ein hovedgrunn til den store differansen er at BKK selde aksjar i Fjordkraft Holding ASA som blei inntektsført i andre kvartal i 2019 med 541 millionar kroner. Førehandsselde kraftkontraktar gjev dessuten ein negativ rekneskapsmessig effekt i dette kvartalet.

– Eit negativt kvartalsresultat er svært uvanleg i BKK. Sjølv om det finst forklaringar på kvifor det har utvikla seg slik, er dette ein situasjon vi tar på største alvor. Vi har dei siste åra jobba med effektiviseringar i BKK. Dette kvartalsresultatet viser viktigheita av framleis effektivisering og forbetringar av drifta i heile konsernet. Vi jobbar allereie med nye tiltak, seier konsernsjef Jannicke Hilland i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konsernsjefen ser også positive trekk i kvartalsrekneskapen.

Fusjonen med Sunnfjord Energi gjev no positive utslag på BKK Nett sine rekneskapar. BKK Nett auka driftsinntektene frå 216 millionar kroner i andre kvartal i 2019 til 328 millionar kroner i andre kvartal i år.

Også BKK Digitek og BKK Varme aukar driftsinntektene i kvartalet.