Utkantområde over heile landet slit med fallande elevtal. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Nedgang i elevtalet i Distrikts-Noreg

Små fødselskull i Distrikts-Noreg fører no til nedgang i elevtala på dei vidaregåande skulane.

Det er ein kraftig nedgang i elevtalet på fleire vidaregåande skular ute i distrikta. Det kan gi utfordringar med omsyn til små klassar, pedagogisk kvalitet og økonomi, skriv NRK.

Medan byområda i stor grad opprettheld elevtalet, går det dramatisk tilbake i dei meir grisgrendte områda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vestland har i dag 2500 ledige elevplassar. Elevtalet der ser òg ut til å gå ned med ti prosent dei komande 12 åra.

I Møre og Romsdal er det i dag nær 1000 ledige elevplassar. Talet på elevar vil gå litt opp fram til 2027, men etter det nedover.

Motsetnaden er stor til Rogaland og det sentrale Austlandet. Der er det i gjennomsnitt over 500 elevar på kvar vidaregåande skule. (©NPK)