Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad på pressekonferanse om koronasituasjonen. Foto: Jil Yngland/NTB/NPK.

Nakstad: – Kan vi slå ned smitten, kan vi halde fram med å gå på jobb og skule i haust

Trass at koronapandemien no herjar i ei rekkje europeiske land, hadde assisterande helsedirektør Espen Nakstad ein optimistisk bodskap til befolkninga tysdag.

– Det er berre 18 personar som ligg på sjukehus med covid-19 i Noreg. Utbrotet er framleis handterleg. Vi kan lykkast med å ha kontroll viss vi held ut, sa Nakstad på ein pressekonferanse tysdag.

Den fungerande assisterande helsedirektøren viste til dei lokale utbrota i byar som Oslo og Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om vi klarer å slå ned smitten, kan vi sannsynlegvis halde fram med å gå på jobb og skule i haust, i motsetning til i veldig mange andre land, sa han.

I tillegg til fordelar som at barn kan drive fritidsaktivitetar nesten som normalt, at arbeidsløysa ikkje vil auke, og at planlagd helsehjelp kan gjennomførast, meiner Nakstad at det vil føre til at folk ikkje går like lei.

– Vi blir ikkje like leie av smitteverntiltaka, rett og slett fordi det vil vere færre av dei, sa han.

(©NPK)