Cruiseturistar bruker lite pengar i land. Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil heller ha turistar som blir nokre dagar i til dømes Stavanger (bildet) og brukar pengar på restaurantar og kulturtilbod. Foto: Hallvard Østrem / NPK

Næringsministeren ønsker seg færre cruiseturistar

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil ha andre typar turistar enn cruiseturistar til Noreg. Draumeturistane er dei som blir fleire dagar på ein stad og brukar pengar på mat, kulturtilbod og legg igjen «masse pengar», meiner ministeren.


Denne veka besøkte han Stavanger, ei av hamnene der cruiseturisme og forureining også denne sommaren har utløyst debatt og medieoppslag.


Isaksen peikar på at cruiseturistane er viktige for dei byane og hamnene dei legg til i, men at det er ikkje dei mest attraktive turistane i Noreg.


Sjølv om næringsministeren vil ha andre turistar enn dei som kjem med dei flytande hotella, er han ikkje trygg på at det er betre for klimaet, skriv Dagens Næringsliv. Bekymringa er snarare basert på pengebruk, fortel han.


– Når det gjeld forureining, trur eg det er sånn at viss du flyr til Stavanger frå Roma for ei byhelg, trur eg det er verre for CO2-utsleppa enn om du kjem hit med cruise, seier han.


I år det forventa om lag 2.400 cruiseanløp til Noreg. Skjerpa krav til utslepp i verdsarvfjordane ser førebels ikkje ut til å ha lagt nokon dempar på besøkstala.


Næringsministeren viser vidare til at den nye hamnelova gir kommunane større moglegheit til å stilla krav. Næringa må også førebu seg på at det kjem strengare miljøkrav, seier Isaksen til avisa.


(©NPK)