Foto av Jenny Følling og Pål Kårbø då dei underteikna intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland 17. januar i år. (Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Møter i departementet

Fylkesordførarane i Sogn og Fjordane og Hordaland møter fredag 16. mars i Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å følgje opp intensjonsavtalen om samanslåing av fylka.

Det er særleg fylkesmannsstrukturen som står på agendaen når fylkesordførarane Jenny Følling i Sogn og Fjordane og Pål Kårbø i Hordaland møter statsråden eller statssekretæren.

Regjeringa har vedteke den nye organiseringa av Fylkesmannen og har slått fast delt lokalisering i Sogn og Fjordane og Hordaland. Det er derimot ikkje sagt noko om kvar leiinga for embetet skal liggje. Nettopp det at Fylkesmannen skal leiast frå Sogn og Fjordane, er eit viktig premiss i intensjonsavtalen om samanslåing.

– Vi er svært overraska over at regjeringa ikkje har avklart kvar hovudsetet for Fylkesmannen i den nye regionen skal liggje når fylka sjølve er samde om det. Dette er ein viktig føresetnad i intensjonsplanen, og difor vil vi gjerne drøfte det med departementet, seier Følling.