Alfred Bjørlo (t.v.) og Anders Ryssdal er langt frå nøgde.

- Motarbeider bru Anda-Lote

Statens vegvesen har lagt ned motsegn mot brufeste på Lote. Årsaka er at E39 er flytta til indre med bru mellom Frøholm – Svarstad i Stryn kommune.

Eid kommune er i ein prosess med å vedta ein ny arealplan. Ein slik plan er retningsgjevande for arealbruken i kommunen. I den delen av planen som omhandlar Lote, er det sett av areal til eit framtidig brufeste for fjordkryssinga mellom Anda og Lote.

– Oppsiktsvekkjande

Statens vegvesen si grunngjeving for å motsetje seg eit brufeste på Lote, som er lokalisert litt aust for dagens ferjekai, er manglande samsvar mellom vedteke konsept for E39 (indre trase), og at det er uavklara om ferjesambandet Anda – Lote i framtida skal ha status som riksveg ferje eller fylkesvegferje.

– Oppsiktsvekkjande, mildt sagt, seier ordførar Alfred Bjørlo i Eid kommune. Han reagerer sterkt på motsegna som etter hans syn er å nekte kommunen å drive framtidsretta arealplanlegging.

Les meir i papirutgåva onsdag.