Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF). Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Minimumsnivå for flytilbodet i Noreg blir forlengd

Regjeringas avtale med flyselskapa Widerøe, SAS og Norwegian om eit grunnleggjande flytransporttilbod blir forlengt til 31. august.

Avtalane vart inngått 25. mars og varte opphavleg til 31. mai. Desse vart forlengde til 30. juni. No har Samferdselsdepartementet inngått nye avtalar med flyselskapa, som varer til 31. august.

– Det er framleis krevjande tider i luftfarten, og sjølv om trafikken ser ut til å ta seg opp, er det nødvendig at staten sikrar eit godt flytilbod gjennom kjøp av flyruter. Derfor forlengjer vi avtalen med flyselskapa om eit grunnleggjande tilbod i heile landet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå 1. juli blir rutene frå Oslo til Trondheim, Bergen og Stavanger tekne ut av kjøpet, og frå 16. juli trer nye avtalar, som inneber nokre rutejusteringar og ei nedtrapping av det statlege tilskotet, i kraft.

Blant tilboda som blir styrkte, er strekninga Stokmarknes-Bodø, der det blir to ekstra rundturar dei neste vekene. Frå 17. august vil det vere to daglege rundturar frå Stokmarknes til både Bodø og Tromsø.

(©NPK)