Ser du opp på himmelen dei neste kveldane kan du sjå satelittar. Foto: Vidar Ruud/NTB/NPK.

Menneskeskapt himmelfenomen over Noreg

Starlink-satellittar frå SpaceX kan bli synlege over Noreg dei neste kveldane. Satellittane kan sjåast som ei lang rekkje lysande prikkar, og blir skildra som eit «perlekjede» eller eit tog over himmelen.

Publisert

Det skriv NRK.

Satellittane er ekstra synlege no fordi dei nyleg er skotne opp og framleis ligg tett saman før dei går inn i dei endelege banene sine.

Astronomi- og romfartsformidlar Anne Mette Sannes rår dei som vil oppleve fenomenet til å sjå rett opp og mot vest, der satellittane kjem frå nord og flyttar seg sørover.

– Det er vanvitig flott å sjå toget som kjem over himmelen. Det ser ut som ein flokk med grå gjæser, fortel ho til allmennkringkastaren.

Dei neste kveldane vil satellittane vera synlege både på Aust- og Vestlandet, litt avhengig av lysforhold og vêr. Satellittane vil vere enklast å få auge på mellom klokka 22.30 og 23.00 både tysdag, onsdag og torsdag – avhengig av kvar i landet ein er. Det er mogleg å søkje opp den næraste byen din via nettsida Findstarlink. (©NPK)

Powered by Labrador CMS