Det er alltid stor stemning når Vassendgutane spelar opp, her frå NCT sist sommar.

Meir publikum og større omsetning i år

Dagleg leiar i Norsk Countrytreff Eva Hage Solstad opplyser at publikumsbesøket og omsetninga gjekk opp dette året.

Det viser ei førebels oppteljing. Det samla besøkstalet var 11.400. Det er 650 fleire enn i fjor, men framleis 1500-1600 færre enn rekordåra 2008 og 2009 då det var 13.000. Eva Hage Solstad er likevel tilfreds.

– Men meir publikum og større omsetning i år, gjer at vi kan sjå litt lysare på det, seier ho. Etter at festivalen er over, kjenner ho på takksemd overfor alle som har stått på for å gjennomføre alle arrangementa og dra festivalen i land på ein prikkfri måte. Totalt sett vart det ein kjempesuksess.



I tysdagsavisa kan du lese alt om Norsk Countrytreff