Nye tal viser at hogst og naturleg død fleire stader overgår tilveksten av tre i norske skogar.

Meir hogst enn vekst i skogen

For første gong på fleire tiår forsvinn det fleire tre enn det veks opp att fleire stader i landet, ifølgje ein ny rapport frå Nibio.

Publisert

I Innlandet er avverkinga no høgare enn tilveksten, og det same gjeld gran på Austlandet. Forskarane peikar på tørkesomrane i 2018 og 2019 og auka etterspurnad etter tømmer som viktige årsaker, skriv NRK.

– No kjem vi inn i ein ny fase. Det er ikkje ei krise, men det er lurt å sjå nærare på det, seier forskingssjef Johannes Breidenbach i Nibio til NRK.

Opptaket av CO₂ i levande tre har gått kraftig ned sidan 2010. I Finland har skogen dei siste åra hatt netto utslepp, og forskarane ser ein liknande trend i Noreg.

Nibio åtvarar mot svekt klimabidrag frå skogen.

– Dersom utviklinga held fram, må ein kanskje redusere utsleppa meir i andre sektorar for å nå klimamåla, seier Gunnhild Søgaard i Nibio.

Skogeigarane meiner auka hogst i ein periode ikkje er dramatisk, men understrekar at ein over tid må halde seg innanfor tilveksten. (©NPK)

Powered by Labrador CMS