Meiningsmåling: Framleis fleirtal for monarki i Noreg
54 prosent av dei spurde i ei ny undersøking meiner Noreg framleis bør vere eit monarki. 33 prosent svarer at dei vil avskaffe monarkiet.
Tala kjem fram i ei undersøking Respons Analyse har gjort på vegner av Aftenposten.
I undersøkinga, som vart gjennomført måndag og tysdag, vart 1024 personar spurde om Noreg framleis bør vere monarki eller om vi bør innføre republikk. 54 prosent svarer at Noreg framleis bør vere eit monarki, medan 33 prosent vil innføre republikk. 12 prosent svarer «veit ikkje».
Også i målingar gjort for andre medium denne veka, ønskjer fleirtalet å behalde monarkiet. I Norstats måling for Dagbladet og NRK , svarer 66 prosent at dei støttar monarki som styreform i Noreg, medan 60,9 prosent svarer det same i VGs måling , gjennomført av InFact.
Same spørsmål var tysdag gjenstand for ei avstemming i Stortinget. Her stemde 141 av 169 representantar for å behalde monarkiet, medan 26 representantar stemde for republikk. (©NPK)