Ein strategi som i stor grad handlar om testing, isolering, smittesporing og karantene er ikkje lenger nok til å hindre det muterte viruset å spreie seg, meiner ei gruppe professorar frå det medisinske fagmiljøet. Dei meiner ein ny periode med nedstenging av heile landet må til. Foto: Jil Yngland/NTB/NPK.

Medisinsk fagmiljø: Nasjonal nedstenging må til for å slå ned mutert virus

Det er nødvendig å stengje ned landet, slik som i mars i fjor, for å unngå ukontrollert spreiing av muterte virus og at det utviklar vaksineresistens.

Det skriv ei gruppe professorar og spesialistar frå det medisinske fagmiljøet i ein kronikk i VG.

– Viss det ikkje er klare teikn til redusert virusspreiing i løpet av få dagar, meiner vi den norske regjeringa må setje i verk nasjonal nedstenging til virusutbrota er slått ned i alle delar av landet. Det bør innførast strenge nasjonale tiltak, reiserestriksjonar og strengare tiltak i skulen fram til påske, heiter det i kronikken, som mellom anna er signert av Dag Jacobsen, avdelingsleiar ved Oslo universitetssjukehus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tisk ikkje nok

I dag er smitteavgrensande tiltak i stor grad basert på tisk-strategien (testing, isolering, smittesporing og karantene), men det er ikkje lenger nok, meiner fagfolka. Ei full nedstenging av mange sektorar er nødvendig for å få låg nok sosial mobilitet til at spreiinga blir stoppa.

Det betyr nedstenging òg i kommunar som ikkje har stort smittetrykk, ifølgje kronikken.

– Utan slike strenge nasjonale tiltak, som også må gjelde i område med låge smittetal, er risikoen stor for at lokal smitte vil passere «under radaren» fram til store utbrot blir oppdaga, skriv kronikkforfattarane.

– Liten pris å betale

Kraftigare tiltaksnivå over heile landet vil òg gi befolkninga tydelegare beskjed om alvoret i situasjonen.

– Ei nasjonal nedstenging på nokre veker no er ein liten pris å betale i forhold til ei ukontrollert spreiing av muterte virus. Ei slik blomstring av epidemien vil føre til at mange menneske, også i gruppa under 70 år, vil bli ramma av alvorleg sjukdom og død, før også denne delen av befolkninga er vaksinerte. Då er det òg stor risiko for at dei muterte virusa rekk å utvikle resistens mot vaksinane, heiter det i kronikken.

Blant kronikkforfattarane er òg overlege Mads Gilbert frå Universitetssjukehuset i Tromsø, professor i internasjonal helse Gunnar Kvåle, professor i informatikk Dag Svanæs, og professor i mikrobiologi og smittevern Jörn Klein.

(©NPK)