Måtte ut med 8.000 for mangel

Statens vegvesen tok inn 8.000 kroner til statskassa under ein kontroll på Kjøs fredag.

Det var ein lastebil som mangla bombrikke som var årsaka til at vegvesenet sine folk skreiv ut eit saftig gebyr.

Også nokre andre forhold blei påpeika:

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein sjåfør måtte sikre lasta på bilen sin betre før han fekk køyre vidare.

Ein sjåfør måtte kople frå semitraileren frå bilen sin fordi svingskiva mangla smurning. Han måtte smørje svingskiva før han fekk køyre vidare.

Ein lastebileigar fekk kontrollsetel med krav om utbetring av underkøyringshinder.