Sigmund Vereide inviterer til Matamål med mange spennande rettar på Sandane helga 25.-27. september.

Matamål med meirsmak

Tradisjonen tru startar årets Matamål-festival på Sandane siste helga i september. Skal vi tru festivalsjef Sigmund Vereide, vert Torgdagen på laurdagen eit stort høgdepunkt med frambod av lokal mat og drikke frå nærare 50 produsentar.

Det gledar han seg til og vonar publikum grev djupt i lommeboka og handlar like mykje som tidlegare år!

– Matamål vert arrangert for 6. året på rad og er blitt ein arena for matopplevingar og for å dele kunnskap. Matamål er ein matfestival med fokus på kvalitet, mangfald, kortreist mat, tradisjonar og matkultur. Programmet for årets Matamål-festival er variert og spennande. Her skal alle kunne finne noko for sin smak, seier Sigmund Vereide.

Torgdag for heile familien

Matamål skal vise det store mangfaldet i næringa og kvaliteten på det dei lokale bøndene og produsentane leverer.

– På torgdagen laurdag får alle høve til å handle inn lokale råvarer av høg kvalitet til hausten. Frukt og bær er ei stor næring i vårt distrikt. Vi har mange dyktige produsentar av ulike produkt av frukt og bær, og på torgdagen kan ein møte mange av disse. Vi har rekordpåmelding i år og vi nærma oss 50 stands på torgdagen, med standhaldarar frå både eige fylke og Møre og Romsdal, fortel ein entusiastisk festivalsjef.

– Torgdagen byr, i tillegg til gode smaksopplevingar og høve til å gjere ein god handel, på ei rekke aktivitetar; auksjon, open gard i sentrum, hoppeslott av høy, riding og saueklipping. Vi ønskjer at alle skal finne noko av interesse og ha ein strålande, tradisjonell torgdag, seier Vereide. I år som i fjor vert det mange dyr som barna kan helse på, dette har blitt ein fin tradisjon for dei yngste.

Les meir om Matamål i papirutgåva måndag.