Statsminister Erna Solberg orienterer for Stortinget om status og vidare gang for handteringa til styresmaktene av covid-19 fredag. Foto: Terje Bendiksby/NTB scanpix/NPK.

Massivt press for full opning av breiddeidretten – Solberg seier nei

Regjeringa blir sett under stadig kraftigare press for å opne for konkurransar i barne- og breiddeidretten. Men statsministeren forsvarar ei varsam linje.

– Toppfotball og treningssenter får lov til å opne, medan breiddefotball, barnefotball, paraidrett og annan breiddeidrett må vente til 1. september. Det verkar unekteleg som litt stivbeint og merkeleg, sa Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad i Stortinget fredag.

Ho tok opp problemstillinga etter statsminister Erna Solbergs (H) forklaring om koronasituasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– At eit fotballag på Røros – der det ikkje er eller har vore noko smitte i det heile – ikkje kan få lov til å spele kamp, medan treningssentera i Oslo blir fylte av folk, er heilt uforståeleg, sa Arnstad.

Ho etterlyste meir fleksibilitet og differensiering i ein situasjon der lokale smitteutbrot er det mest sannsynlege framover.

Bøn frå NFF

Onsdag avslørte

Leiarar i idretten og stadig fleire politikarar stiller seg bak kravet om at regjeringa må opne tidlegare. Fleire fryktar eit stort fråfall blant barn og unge når hausten kjem, dersom ein ikkje kjem i gang med kampar og konkurransar.

– Vi i NFF ber innstendig styresmaktene om å opne all fotball dei næraste vekene. Det er kritisk å få i gang norsk fotball, vi har aldri opplevd forbod mot aktiviteten vår, seier elitedirektør i Norges Fotballforbund Lise Klaveness til Aftenposten

Torsdag var både Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og Aps idrettspolitiske talsperson Trond Giske på banen med krav om gjenopning.

– Dette vil gi betydelege helseskadelege verknader at breidde- og barneidretten blir så sterkt avgrensa, kanskje i heile år, sa Giske.

Må ha kontroll

Statsminister Erna Solberg forsvarar strategien til regjeringa, samtidig som ho innrømmer at det ikkje er logikk i alle smitteverntiltaka som framleis gjeld.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Stortinget understreka ho kor nødvendig det framleis er å gå gradvis fram i gjenopninga og at store samlingar på strender eller i heimar kan brukast som eit argument for å krevje ei gjenopning på alle område.

– Det er avgjerande at vi har kontroll. Og eg meiner det er ein måte å honorere dei menneska som har vore med på dugnaden så langt, sa Solberg.

(©NPK)

Sps parlamentariske leiar Marit Arnstad etterlyser meir fleksibilitet og differensiering i dei restriktive tiltaka i ein situasjon der lokale smitteutbrot er det mest sannsynlege framover. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB scanpix/NPK.